Bykle gamle kyrkje

Historisk bilde på folk som står fremfor Bykle kyrkje.

Velkomen til Bykle gamle kyrkje!

Kyrkja slik du ser ho i dag er bygd rundt 1620. Men så tidleg som i 1327 har paven i sine annalar registrert “Buglum ecclesia” – Bykle kyrkje.

Når ho vart reist veit vi ikkje, men det gjekk gjerne litt tid før ei ny kyrkje så langt nord som i Noreg blei registrert som gudshus. Det kan ha stått ei kyrkje på denne plassen alt på 1200-talet.

Ifølgje historikaren Leonhard Jansen frå Valle er kyrkja bygd meir eller mindre oppå det som truleg er ein stor gravplass frå førkristen tid.

Bykle gamle kyrkje er eit smykke, ho er lita men vakker og særprega. Ho har plass til på lag 120 menneske.

Den særmerkte rosemålinga på tømmerveggane frå 1826 er signert Aslak A. Vasshus frå Neslandsvatn i Telemark og Knut Åvoldsson Byklum. Også taket er måla med ein blåsvart farge i botnen. Grå skyer og stjerner med eit raudskjær lyser opp.

I midten svevar ein engel – passar han på kyrkjelyden?

Kyrkja har eit lite våpenhus, sjølve kyrkjeromet og eit kor. Sakristi manglar ho. Framsida av galleria er dekorerte med såkalla olavsroser.

Det er ni benkar på mannssida og sju og ein halv på kvinnesida. Avstanden mellom radene er 74 cm på mannssida og 65 på kvinnesida. Ein treng ikkje vere spesielt stor for å få problem med å plassere føtene!

Kommerseråd og lagmann Laurits Andersen Undal gav kyrkjeklokka til kyrkjelyden i Bykle i 1683. Klokka har innskrifta "Si deus pro nobis, quis contra nos" som betyr "Viss Gud er med oss, kven er då imot oss? Ho er ikkje stor, klokka, berre 48 cm i tverrmål og 43 cm høg. Den som ringar står i midtgangen i sjølve kyrkjeromet og dreg i eit taug.

Tidleg på 1600-talet var Bykle kyrkje ubrukeleg. Eit brev frå 1619 fortel at Bykle kyrkje “haffuer Weritt øde nogle Aar”. Same brevet fortel at kyrkja no skal reisast på nytt og haldast ved like, etter ønskje frå kyrkjelyden og løyve frå biskopen. Når dette var gjort, skulle presten kome frå Valle og halde messe tre gonger i året.

Byklarane lova på same tid at presten skulle få den tienda han hadde krav på frå gamalt av. Trass i fleire store restaureringar på 1700- og 1800-talet, kan vi trygt seie at Bykle kyrkje i all hovudsak er frå 1620 – og ein del av tømmeret er frå den gamle kyrkja som paven registrerte i 1327.

Konservatoren og kunstnaren Ulrik Hendriksen – fødd i Danmark – skriv i eit brev frå 1929 at tømmeret frå den gamle kyrkja ser ut til å vere frå ei stavkyrkje. Det verkar logisk, det var stavkyrkjer som den gongen dominerte i Noreg, i alle fall i grisgrendte delar av landet.

Altaret og preikestolen er typiske renessansearbeid frå første delen av 1600-talet. Altartavla skildrar Jesu død på krossen. På preikestolen har den ukjende kunstnaren måla evangelistane Markus, Lukas og Johannes.

Ei såkalla vandresegn fortel at det var dei underjordiske – tussane – som avgjorde kvar kyrkja skulle reisast. Planen var, fortel segna, å reise kyrkja på Skarg i Nordbygda. Men om natta flutte tussane tømmeret til kyrkjebygda.

Først i 1989 fekk Bykle kyrkje orgel, bygt av svensken Nils-Oluf Berg. Det er eit pipeorgel med eitt manual og fem stemmer.

Dei gamle, sungne salmetonane, med alle sine snirklar levde såleis lenger i Bykle enn dei fleste andre stader.

Velkomen til Bykle kyrkje, eit lite kyrkjehistorisk smykke.