Kulturlandskapet

Kulturlandskap over Bykle.

I Bykle kyrkjebygd er det registrert heile 18 verdfulle naturtypar. Av desse er fem svært viktige slåttemarker og naturbeite.
Jordbruksområda i Bykle kyrkjebygd er bratte og vanskelege å drive.

I dei marginale områda finn vi små område som ikkje er påverka av moderne jordbruksdrift i det heile. Dette gjer at det biologiske mangfaldet er spesielt og rikt. Vi finn mellom anna planter som står på den såkalla raudlista. Dette er planter som er utryddingstruga.

Plantene krev særleg skjøtsel, i form av rydding og gammaldags drift, for ikkje å bli borte. Det er laga ein skjøtselsplan for å sikre at det spesielle, biologiske mangfaldet ikkje blir borte i desse biotopane.

Bilde på Søstermarihand. Søstermarihand.

Søstermarihand er ein orkidé som veks på skrinne jordbruksområde. Han blømer tidleg om våren og er gulkvit og lubben.

Bilde på brudespore. Brudespore.

Brudespore er ein lilla orkidé som blømer seint på sommaren. Alle orkidear er avhengige av sopp for at frøa skal kunne spire. I spiringsfasen kan dei ikkje sjølve ta opp næring frå jorda.

Bilde på solblom. Solblom.

Solblom er, som namnet antyder, avhengig av ope terreng og sol for å bløme. Attgroing og for lite beiting og slått, trugar denne arten. Solblom finst fleire stader i Setesdal, og nokre insekt er avhengige av akkurat denne blomen for å overleve. Denne blømer også seint på sommaren, og vart nokre stader kalla Slåttekall – fordi han blømde når det var på tide å begynne slåtten. I Setesdal vart denne planta også kalla “tobakksblom”. Dette namnet kan tyde på at solblom vart brukt som erstatning for tobakk.

Takk vere stor innsats frå grunneigarar – og andre som bruker desse områda – kan vi vone at desse spesielle plantene vil trivast i Bykle, også i framtida.