Tinghaugen

I mellomalderen flytte dei tinget frå den damle tingplassen ved besøkssenteret til nordsida av fylkesvegen Tinghaugen på sjølve garden Tingvatn. På den vestre delen av Tinghaugen stikk det opp ein stor stein som blir kalla Talarsteinen. På den eine sida av Talarsteinen er det hogd inn to trappetrinn.

Kan henda sto høvdingen her når han las opp lova og felde domen.
På toppen av Tinghaugen ligg det nå ein laus stein som ser ut som ein kubbestol. Han blir kalla Domarsteinen. Opphavleg skal det ha stått tolv mindre bautasteinar i ein halvsirkel rundt Domarsteinen, og framforbi Talarsteinen.

På 1890-talet dyrka eigaren opp jordet framfor talarstolen. Dette blei eit jorde som ligg noko høgare enn resten. Domarsteinen blei flytta opp til tunet, og stod der i over 100 år, til han blei flytt ned att for nokre år sidan.

Bilete av Domarsteinen og to menn på tunet til Tingvatngarden, cirka 1890. Domarsteinen.

Rett innforbi infostasjonen her kan du gå å se Domarsteinen og Talarsteinen.

Under krigen var det eit tysk befal som laga ei nøyaktig skisse av talarsteinen og området der. Befalet var arkeolog i det sivile liv. Av skissa hans kan ein sjå at området er uforandra sidan den tid.

Skisse av Tinghaugen. Skisse av Tinghaugen frå 2. verdskrig.

Ned mot vatnet frå Tinghaugen ligg Skeisegra (Skeidsekra). Namnet fortel at her blei det halde hestekappløp eller hestekampar.

Det er ikkje minne om det frå Hægebostad, så truleg har skikken med å kåra Skeisfolen – den sterkaste hingsten – døydd ut tidleg her. Men ein har nedskrive om korleis det gjekk føre seg andre stader, og det var truleg ikkje særleg annleis her. Folk kom med spreke hingstar for å kåra den sterkaste, og det fylgde mykje ære i si tid med å eiga vinnaren, den sterkaste hingsten.

Steingjerdet peiker vidare ned mot Lygnevatnet og ein gravhaug, Vehaugen, eller den heilage haugen. Ein har lite kunnskap om denne gravhaugen, som er ein av dei største på Sørlandet.
Nokre hundre meter nordaust for Vehaugen, på andre sida av fylkesvegen, kan ein sjå taket på det som ein gong var Tingstova på Tingvatn. Denne var i bruk fram til bygdetinget i Noreg blei oppheva i 1926. Tingstova er endepunkt for ein svært lang tingtradisjon, på eit lite geografisk område. Med det populære ”Tinget” i midten av juni kvart år blir det sosiale og marknadstradisjonen vidareførd. Ein seier difor at Hægebostad har ein ubroten tingtradisjon som strekkjer seg 2000 år attende.